Karl Ove Hufthammer
2011-09-08 15:42:00 UTC
Eg stussa litt når eg kom over følgjande avsnitt i Husmorboka (1967-utgåva):
«Vi vet også hvordan det går når vi […] tar av oss en nylon- eller
silkeunderkjole i mørke i tørt, kaldt vær.»
«Oi!», tenkte eg. «Det veit ikkje eg!» Men eg føler eg har gått glipp av
noko stort! So no spør eg det kloke og ikkje minst livserfarne Internett-
folket. Kva skjer når me tar av oss silkeunderkjolen i mørke i tørt, kaldt
vêr?
(Eg kunne sjølvsagt tolka det som eit spørsmål som kravde eit personlig
empirisk svar. Men eg synest det er so flaut å gå å kjøpa silkeunderkjole,
spesielt viss ekspeditrisa spør meg kva det er til, og eg begynner å
*forklara* …)
(I tillegg bur eg i Bergen, og må følgjelig sjå langt etter *tørt* kaldt
vêr!)

--
Karl
Karl